Det vil skje både store og små ting på Sæbø Dampskipsekspedisjon. Eit mål skal vere å setje bygget i god stand, eit anna å fylle det med liv. Nokon aktivitetar er større arrangement, men ein må også ha nokon mindre, hendingar der terskelen for å kome, og arbeidet med å lage i stand, ikkje krever himmel og jord i bevegelse. Aktivitetsgruppa på Dampen skal arbeide litt med det siste. Og også legge til rette slik at andre i bygda som vil gjere noko, kan få høve til det. Her er det berre å ta kontakt!

Den siste laurdagen i april hadde Aktivitetsgruppa på Dampen laurdagsbørs i 1. Etasje. Planen var eit lågterskelarrangement, der kven som helst kunne kome. Dørene åpna 12.00 og folk strøyma på for å kjøpt eksklusive belgiske vaflar, med heimelaga italiensk gelato. Kaffi til til vaksne, saft til barna, samt stemningsfull musikk på anlegget. Ut frå tilbakemeldingane slo dette svært godt an. Noko og bite i, og ein prat med naboen. Det er ikkje så mykje meir som skal til!

 

vaffel

vaffel 2

vaffel 10.0000