Lokaliseringa av jordskjelvet er berekna til om lag 62.90N 5.52Ø ned styrke på 3.8.
Dette er om lag 110km vest frå Molde, melder Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk.
Jordskjelv.no / Norstat på kjeller estimerar at skjelvet hadde ein styrke på 4.0.
Eit skjelv på på rundt 4.0 kan høyrast lite ut, men på våre kantar er dette eit rimelig kraftig. Berre 1-2 jordskjelv vert registrert per år i denne styrkegraden. I denne størrelsen kan ein kjenne skjelvet, men er ufarleg. Sjå Richters skala i tabellen nedanfor.
Sist gong det var like sterkt skjelv på våre kantar var eit skjelv utanfor Måløy 11.12.2015 som hadde ein styrke på 3.85 på Richers skala i følge jordskjelv.no
Også i 2007 vart det skrive om jordskjelv her på Hjørundfjordportalen. Det var då eit skjelv av same størrelse.
Kjende du skjelvet?
Då kan du melde frå på dette skjemaet og hjelpe forskarane med arbeidet sitt.
(Bruk gjerne kommentarfeltet her på portalen også)
http://seismo.geo.uib.no/macroquest/macroquest.php
Richters skala
Styrke | Beskrivelse |
Mindre enn 2.0 | Mikrojordskjelv, føles ikke |
2.0 - 2.9 | Kjennast sjelden, men kan registrerast |
3.0 - 3.9 | Kan merkast, men gjer inga skade |
4.0 - 4.9 | Skjelving av inventar i hus og buldrende lyd. Gjer sjelden skade. |
5.0 - 5.9 | Kan lokalt gjere stor skade på skjøre bygningar |
6.0 -6.9 | Kan gjere skade opptil 160 kilometer omkring i befolka område. |
7.0 - 7.9 | Stor skade over store områder |
8.0 - 8.9 | Kan gjere skade over fleire hundre kilometer |
9.0 - 9.9 | Katastrofale skader over fleire tusen kilometer |
10+ | Aldri registrert |
Kommentarar