Mandag 12 mars var det avsluttning for skirenna som barneidretten til Sæbø IL har arrangert på Bondalseidet. 56 born frå barnehagealder til 5 klasse har vore med 8 mandagar sidan etter jul. Så mange born er rekorddeltaking. På svsluttninga vart det delt ut skimedaljar og diplomar for flott innsats i skisporet. Ei ekstra overrasking fekk ein også på kjøpet. Ein liten blå bag sponsa av Telenorkarusellen. Etter premieutdeling og applaus var det dejlig å få sjokoladekake frå Westre bakeri sponsa av Sparebank1 og saft. Denne siste gongen var også barnetrekket ope slik at dei som ville renne slalom kunne gjere det. Tusen takk til Asgeir Aam som stilte som vakt for trekket. Takk til Sparebank1 som sponsa kakene og ikkje minst takk til dykk foreldre som har stilt opp å frakta saft og delt ut kvar mandag til små og store tørste, ivrige skiløparar. På gjennsyn neste vinter.