Påskekrimstumfilmkonsert på Hjørundfjord Filmteater!
Søndag 25. Mars blir det påskekrimstumfilmkonsert! Dette er eit høgdepunkt på
vårprogrammet hos oss. Musikantane har øva og gleda seg lenge, og vi ynskjer hjarteleg velkomen til denne førestillinga heilt utanom det vanlege.
I fjor sette vi opp stumfilmkonsert med filmen THE KID med Charlie Chaplin, ein av dei store klassikarane i stumfilmperioden. I år er det tid for ein annan favoritt, nemleg Buster Keaton med filmen SHERLOCK JR. Ein original og banebrytande film, med humor, romantikk og krim. Og sjølvsagt skal vi setje stemninga med ekte 20-talsstil i lokalet, med rekvisittar og foredrag førfilmen. Musikken vil vere akustisk med saksofon og piano, med både arrangert og improvisert tidsriktig jazz.
Sidan vi er filmteater for heile Hjørundfjorden, blir det framsyning både på Sæbø og på Leira i påska. Billettar kan enkelt kjøpast på førehand, og det kan fort vere lurt, for i fjor vart det folksamt.
Filmen er tilleten for alle, med stor underhaldningsverdi for både barn og vaksne, men passar kanskje best frå om lag 6 år og oppover. Meir informasjon er lett å finne på facebook, her kan de kjøpe billetter på førehand: 
SÆBØ-framsyning: https://tikkio.com/tickets/4830-paskekrimstumfilmkonsert-sherlock-jr-1924-saebo
LEIRA-framsyning: https://tikkio.com/tickets/4831-paskekrimstumfilmkonsert-sherlock-jr-1924-leira
.
Vel møtt til ein legendarisk action-komedie frå 20-talet!
Påskestumfilmkonsert plakat utkast 15