Korpset inviterar til åpen øving med ein minikonsert, informasjonsmøte og instrumentprøving frå 1. klasse og oppover. Også dei som skal byrje i 1.klasse til hausten kan kome.
Vi har mange typar instrument som ein kan prøve og håpar mange har lyst å kome! :)

 

Har du lyst å spele i korps?
Generasjonskorpset søkjer nye, unge musikantar. Har du lyst å lære å spele eit instrument? Bli med då vel!

Frå og med skuleåret 2018/2019 vil Ørsta kulturskule tilby opplæring på blåseinstrument på Sæbø skule dersom grunnlaget er bra. Korpset vil betale for 1.året med opplæring på korpsinstrument i fyrste omgong. Instrument får ein låne av korpset. Etter 1.året som aspirant håpar vi å få til junior/samspelgruppe i eitt til to år for ein gradvis overgong til sjølve korpset.


Søknadsfrist er 1.mai.

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med :
Oddhild Kalvatn, korpsleiar
Mobil: 47419576

Ein kan òg ta direkte kontakt med Ørsta kulturskule.