Segner på Hjørundfjordportalen
Hjørundfjordportalen har lenge hatt liggande ei lita oversikt over segner i Hjørundfjorden, men sikkert litt vekkgøymt for dei fleste. Du finn segnene på Hjørundfjordportalen her: Segner og overtru
Her er det nok mange som veit om mykje meir enn kva som har kome på kartet til Norsk Folkeminnesamling og det som står på portalen som både Hjørundfjordportalen og Norsk folkeminnesamling er svært interesserte i.
Nokon må ta ansvar for å informere komande generasjonar om segnene i nærområdet vårt. Kjenner du til ei segn frå Hjørundfjorden som du ikkje finn her kan du skrive inn til oss eller legge ut som ein artikkel. Om du føretrekk å sende per epost kan du sende det til enten Hjørundfjordportalen eller Norsk folkeminnesamling eller helst begge.
Norsk folkeminnesamling si e-post adresse er folkeminner@ikos.uio.no
For å sende til Hjørundfjordportalen kan du bruke segn@hjorundfjord.no
Segnkartet
Her finn du segnkartet. Begge versjonane er ikkje klare for mobil enno, men det anbefalast å sjekke innom for å sjå kva som fins her.
PC-versjon
Mobilversjon
http://www.sprakochfolkminnen.se/om-oss/kartor/sagenkartan.html#/places/nordic/true
Kommentarar