MARSPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater! 
Søndag 11. mars er det klart for både barnefilm og dokumentar for vaksne.
 
LADY OG LANDSTRYKEREN er ein koselig og spennande barnefilm som held seg svært godt, passar for alle barn og tilleten for alle. Filmen visast kl 17.00. Seinare same kveld kan de sjå dokumentaren
lady and the tramp
 
Copyright: Disney 
 
I AM NOT YOUR NEGRO frå 2017. Eit svært engasjerande bilete av rasekampen i USA, med relevans også opp til samfunnet i dag. Filmen er rekna som ein av dei aller bestesom kom i fjor, uansett sjanger. Lærerik og får deg verkeleg til å tenke!
I am not
Copyright: Another world entertainment 

Søndag 25 Mars er det klart for vårens fyrste hovudframsyning med påskekrimstumfilmkonsert og filmen SHERLOCK JR frå 1924. Framsyning vil vere både på Sæbø kl 15.00 og Jensaløda på Leira kl 19.30. Aldersgrense 6 år. Vi lagar sjølvsagt den rette 20-tals-stemninga og ei ramme rundt filmen med foredrag om den fantastiske Buster Keaton. Vel møtt! :)
 
sherlock
 
Copyright: Park Circus