På Sæbø bedehus er det stor aktivitet, men ikkje så ofte arrangement i regi av foreninga Sæbø bedehus.
Men, søndag 4. mars vert det kulturkafé, der vi får song ved Hjørundfjord mannskor og diktlesing ved Kirsten Ose.
Mannskoret øver på Sæbø bedehus kvar måndag og er eit flott tilskot til kulturlivet på Sæbø. Vi gler oss til å få høyre dei denne søndagen.
Kirsten Ose er mest kjend som revy-artist i Ørsta, men dikta hennar handlar om kvardagsgleder og dei nære tinga i livet.
Diktsamlinga til Kirsten kan kjøpast denne kvelden.
Ingen kafé utan mat og prat.
Vi vil servere kaker og kaffi og har eit håp om at folk tek seg god tid til å prate denne ettermiddagen. Vi startar kl. 17.00 og held på til kl. 20.00. Då rekk dei som vil å gå over vegen og bort i kyrkja til gudsteneste.
Det vert ein liten sum å betale for å kome på kulturkaféen, men mat og underhalding er inkludert i denne prisen.
Dersom nokon vil hjelpe oss med å bake kaker / bollar og liknande er de fint om dei vil ta kontakt med Aashild Taklo eller Ann Helene Wille.
Billettar kr. 50,-
Alle er velkomne og her er eigen inngong for rullestol!
Vi gler oss!
Kommentarar