Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad.

Engestrand, Somfei, Ljones, Fausa, Hame... Dette er kjende dokternamn, (eller skal vi seie legenamn?), for dei fleste av oss som er oppe i åra.  Dei siste åra har vi skifta lege heller ofte og ja, vi har hatt kvinnelege legar også. Vi har sett pris på dei alle.  Men no er det slutt.  Kurdaren og normannen  Ali Watti vart den siste legen vår.


Nei, det kom slett ikkje som ei overrasking.  Det har vore kjent i mange år allereie at det moderne livet også har innhenta Hjørundfjorden. Også kontoret på Sæbø vert no lagt ned og det einaste legekontoret i kommunen vert no i Ørsta sentrum.

_IGP9384b
Tre mnd. gamle Oskar Solhaug Roset vart den siste pasienten på legekontoret
på Sæbø.  Her er han saman med mamma Silje Solhaug og legesekretæren
Elisabeth Årseth Dimmen.

Det vart ein svært travel måndag på legekontoret i dag.  Fleire nytta høvet til litt luksus, dvs. ei kort reise til legekontoret og også kort ventetid. Det skulle vise seg at det vart tre mnd gamle Oskar Solhaug Roset som vart den siste pasienten og etter alle solemerker greidde både han og legen seg godt.  Oskar kom nemleg ut frå kontoret blid som ei sol.

Elisabeth Årseth Dimmen fryktar litt at særleg eldre folk kan utsetje nødvendige legebesøk på grunn av lang reise, men ho oppfordrar publikum til å halde fram med å ta kontakt med lege slik dei har gjort på Sæbø.  Ho oppfordrar også folket i Hjørundfjorden til å tinge time i god tid for ho veit at ventetida å¨legesenteret i Ørsta er lenger.

Elisabeth fortel at ho sette pris på å få tilbod om å jobbe på det nye legesentret i Ørsta, men ho takka likevel nei.  - Det er så rart med det, eg likar meg på Hjørundfjordheimen der eg no skal jobbe på heiltid.  Og då vert reisetida/gåtida dit berre eit par minutt, smiler ho.

_IGP9386b _IGP9395b
Ali Watti og Elisabeth Årseth Dimmen hadde i
dag siste arbeidsdagen på Sæbø legekontor
Lege Ali Watti kom til Sæbø på kort varsel.  No
reiser han heim til Bergen

Ali Watti kom til legekontoret på Sæbø på kort varsel.  Han fekk ein telefon på fredagskvelden og allereie måndagen etter var han på plass i Ørsta/Sæbø.  Kva han no gjer er litt uvisst, men han reiser i alle fall no til Bergen der han bur.

Watti er kurdaren som budde i Syria til han var 17 år.  Då reiste han til Ukraina der han etter kvart utdanna seg til lege, men som vi kjenner til vart det borgarkrig i Syria og for kurdaren Ali Watti vart der uråd å reise tilbake til heimlandet sitt.  Han kom til Noreg for åtte år sidan og han er no norsk statsborgar.

Watti vonar å få seg fast legejobb snarast.  Sjølvsagt, men om han ikkje får det kjem han nok til å reise til Frankrike/Paris etter at han har gjennomført nokre kurs i Bergen.  I Paris vil han hjelpe flyktningar, gjerne afganske ungdommar som har flykta til Paris frå Noreg.  Ali Watti brenn nemleg sterkt både for å hjelpe flyktningar og eigne landsmenn gjennom Den norske Syriakomiteen.

- Men tener du godt nok på å hjelpe flyktningar i Paris?

- Jeg tjener ingen ting på det, men jeg gjør det ikke for å bli rik, svarer Watti på godt norsk.

Watti legg ikkje skjul på at han fleire gonger har blitt oppfordra til å flytte til eit anna land p.g.a. engasjementet sitt for flyktningar og folk frå m.a. Syria.  Men igjen er Watti klar:

- Det er Norge som er hjemlandet mitt nå.  Jeg har heller ingen andre land å flytte til.  Og ein ting til er sikkert: Han har sett pris på jobben ved Sæbø legekontor.