På Sæbø og i Hjørundfjorden skjer det utruleg mykje postitivt for tida og vi er mange som vil vere med og støtte opp om aktivitetane.

Dei fleste har ein aktivitet eller eit lag dei likar og vil ta del i. Andre vil prøve noko nytt.

Folkemengde

Ikkje alle er på Facebook og på FB er det ikkje så lett å halde oversikta over det som skjer.

Heller ikkje alle er på Sæbø så ofte at dei får med seg prat om komande hendingar.

Om vi alle vert flinkare til å bruke aktivitetskalendaren i høgre margen her, vil det vere lettare å planleggje og vi vil lettare få folk til å ta del i arrangementa / aktivitetane våre.

Dette er ikkje meint som kritikk, men det er til dømes unødvendig å planlegge to ungdomsarrangement same dagen og så må ein av arrangørane bruke tid på å bytte dag. Det er kjedelig for nokre at det er strikkekafé og trim på same tid. Talet på deltakerar kunne kan hende vore høgare på begge om tidspunkta ikkje kolliderte. Det ville vere kjedelig om nokon no planlegg eit arrangement på Sæbø 11. mai. Då er det stordans, men det står ikkje her i aktivitetskalendaren.

Dei fleste veit nok akkurat det, men det er lett å tru at det ein sjølv held på med det må no vel alle andre og vite om, eller...?

Hjørundfjord kyrkje

Bruk kalendaren, så unngår vi kollisjonar og fleire får ta del i det som skjer i denne flotte fjorden vår!