Vi startar med to nordiske filmar! 

Fyrst skal vi få eit gjensyn med Knerten, vi har tidligare vist den fyrste Knerten-filmen, her kjem nummer to - KNERTEN GIFTER SEG. Her treffer han Karoline - ein bjørkekvist som vippar han nesten av pinnen. Slike damer veks ikkje på tre! Men det blir også spenning der Lillebror må fange ein tjuv! Filmen er tilleten for alle, og visast søndag 14.01 kl 17.00.  

Knerten-gifter-seg-bilde-1

Copyright: Nordisk film

Klokka 19.30 same dag skal vi sjå UNDER SANDEN, eit dansk krigsdrama frå 2015. Filmen vann mange prisar og var ein stor suksess i Danmark blant kritikarar og publikum. Tyske krigsfangar, som viser seg å vere berre ungdommen, må under ein streng dansk kommandant desarmere miner langs Jyllandskysten. Eit svært farefullt oppdrag. Filmen anbefalast alle vaksne, og er eit sterkt menneskeleg drama om medkjensle, moral og samhald.  Verkeleg ein av dei beste nordiske filmane på lenge! 

under-sandet

Copyright: Nordisk film.