Den tradisjonelle festen 3.juledag samlar mykje folk, og tilreisande benytter høve å få treffe kjentfolk frå bygda som dei gjerne ikkje ser så ofte.

Eit høgdepunkt i programmet er utdelinga av "Årets Bondaling". Det er BFUL som deler ut prisen.

Prisen som årets Bondaling får er tradisjonen tru, eit diplom som er måla av Sverre Magnus Myrtveit, og ei lyslykt som har fått eit motiv av Bondalen sett i frå Stokkehornet, i tillegg til teksta ”Årets Bondaling 2017. Dette er det Nordvest Profil som har ordna  prisen sin utsjånad.

 

I begrunnelsen som styret i Bondalen Frilynde ungdomslag har gitt, las nemnda sin representant opp:

Årets bondaling er ein viktig person for bygda vår - det er ein person som gjer mykje for at dei rundt omkring skal ha det bra og det er ein positiv person. Denne personen har stått på for at unge som gamle skal ha eit tilbod i bygda.

I år har vi valt ut nokon av orda som var i forslaga vi fekk inn: aktiv, positiv, kreativ, hjelpsom, venleg, allsidig, pådrivar, tusenkunstnar, innflyttar og musikalsk.

Årets Bondaling har sidan han kom flyttande hit hatt mange gode idèar for å skape nye aktivitetar og nye møtestadar., - og det unike er at han ikkje berre har tenkt tankane, men fått andre til å tenne på dei og deretter sette dei ut i livet.

Årets Bondaling har vore med på å setje bygda og fjorden litt meir på kartet. Han er ein engasjert person som var med på å starte opp Sæbømeisterskap i quiz, Hjørundfjord Filmteater, Hjørundfjord mannskor, herrekveldar med og utan damer, og er også kjent for sitt gode “lækjarøl”.

Årets Bondaling 2017 er Tor Grunde Simonsen.

Som dokke ser, har eg verken diplom eller lyslykt å dele ut - grunnen er at årets bondaling har reist på juleferie heim til Grimstad.

Men vi i ungdomslaget tok turen og delte ut prisen i går. Her ser dokke årets bondaling 2017."

Vi har fått ein takketale som han ville vi skulle lese for dokke i kveld:

Årets Bondaling 2017 - Tor Grunde Simonsen
Tor


“Kjære sambygdingar! Tusen takk for prisen! Stor stas å bli Årets Bondaling 2017!

Medan de nyt 3.dagsfesten, er eg på veg sørover på ein aldri så liten 12-timars biltur, med baksetet fullt av bollar, saft og Torbjørn Egner på full guffe.

Det er mykje positivt som skjer på Sæbø, og eg må takke på vegne at familien min at vi har blitt så godt tekne imot etter at vi flytta hit i 2014.  

For mange små bygder er det liv og røre om sommaren, før dei går i dvale når mørkret og kulda kjem. Men slik er det ikkje på Sæbø. Her står folket på med ulike aktivitetar og trivselstiltak også i vinterhalvåret. Skal vi ha eit levedyktig heilårssamfunn treng vi tilbod og liv i desse månadane, noko å gjere ein torsdag i november. 

Eg har forsøkt å bidra med nokon nye kulturtilbod, og då er det veldig kjekt å sjå at det har blitt teke godt imot. Men både Sæbø-meisterskapen i Quiz, Hjørundfjord filmteater, Hjørundfjord mannskor og diverse herrekveldar er samarbeidsprosjekt der eg berre er ein av fleire pådrivarar. Spesielt vil eg nemne Erlend Walseth, Regine Aklestad, Janine Berg, Jon Arne Årseth og Øyvind Taklo, og takke for godt samarbeid. Saman har vi forhåpentlegvis skapt aktivitetar som bidreg til bulyst, og som kanskje har vore med på å gjere Sæbø og Hjørundfjorden til ein meir attraktiv stad å flytte til. Blandinga av etablerte tilbod og nye tankar trur eg er ein svært god miks.   

Til å vere eit lite bygdesamfunn er det stor aktivitet på Sæbø. Ein kollega av meg lurte på om vi trong beroligande medikament i drikkevatnet, men vi er vel ikkje der heilt enno..

Vi har noko heilt spesielt på Sæbø, og det trur eg folk utanfor ser. La oss halde på det, og utvikle det vidare. Igjen, tusen takk!