Det vert også i år mykje flott handarbeid på julemessa på Sæbø, så dette er dagen då du kan  finne julegåver til kjende og kjære.

Vi har ikkje heilt oversikta over kor mange av utstillerane som har betalingsterminal, Vipps, eller liknande, men tilhøva for internett er ikkje gode på bedehuset, så vi vil råde til å ha med kontantar.

Sparebank1 har minibank på Sæbø v/ fergekaia.

Eit utval av årets utstillerar:

Lisbet Vatne Nielsen

Lisbet Vatne Nielsen: Kransar og dekorasjonar av naturmaterialer

Kari Gamlem

Kari Gamlem: Figurar av tova ull

Vindspoll

Gunn B Vindspoll: Barneklede

Rolf ØrsalRolf Ørsal: Fuglehus i ulike fargar

Birøkterens hudkrem

Nina Iren Måseidvåg: Honning og hudkrem

Siri Viddal

Siri Roset Viddal: Strikkepinneetui, gryteklutar og ymse småsaum

Snikkarbuda Andersen

Snikkarbuda Andersen: Treleiker, ymse kjøkkenreiskap og spøtehetta

Annlaug Stokke

Annlaug Stokke: Englar, klatrestativ til blomster, meisebollehaldarar, lyslykthaldarar

med meir - alt laga av pil.

Gry Nerland

Gry Nerland: Lyshus og ymse figurar av keramikk

Kari Stokke

Kari Stokke: Småstrikk - Huer, panneband, tova votter

Anna Moan

Anna Moan: Bilete, sitjeunderlag, kroppsskrubb, kort

Anja

Anja G. Holen/Nils P. Borgos: Skinn av Gammel Norsk Spælsau, røykt laks, plommesaft.

Manuela

Manuela og Bernt Ritter: Røykt ost, tyske julekaker, lyslykter av tre og utskårne tre-dekorasjonar til lyslekkjer (biletet over)

Tonje

Tonje Rem: Tacolefse-varmar, dokkeklede, huer med smekke, huer med ullfòr m.m.

Ida

Bodil Skare og Ida M. B. Ose: Flatbrød og hekla figurar

Velkomne til julemesse søndag 26. november kl. 13.00 - 17.00

Sjå og vår side på Facebook, Julemesse Sæbø: https://www.facebook.com/JulemesseSaebo/