NOVEMBERPROGAMMET på Hjørundfjord Filmteater! 
Søndag 12. November blir det kvalitetsfilm på favoritt-filmklubben din! 
Kl 17.00 er det klart for ERNEST OG CELESTINE frå 2012. Dette er ein vakkert animert barnefilm som er tilleten for alle. I ei verd som er delt i to - musene under bakken, og bjørnane over, utviklar det seg eit uventa venskap mellom bjørnen Ernest og den lille musa Celestine. Dette fungerer ypperleg som eit eventyr for dei aller minste, samstundes som den har ein djupare bodskap for oss vaksne. Nemleg at sjølv om ein er ulike utanpå, må ein leggje vekk fordommane og sjå personen på innsida. Filmen vann mange prisar og har glimrande norsk tale. 

ernest


Kl 1930 same dag er det klart for haustens andre filmsalong, denne gongen filmklassikaren over alle filmklassikarar, nemleg CITIZEN KANE. Filmen er den moderne filmens far. og av mange rekna for å vere tidenes beste film. Men er det framleis det? Held den seg, eller er den utadert? Kom og vurder sjølv. Sjå eiga hending!

Citizen Kane 2