Onsdag møtte omlag 15 damer, men dei vil veldig gjerne ha med fleire.

Du treng ikkje strikke og om det er noko du lurer på når det gjeld strikking, så er det mykje kompetanse samla i bedehuskjellaren kvar onsdag. Der er det hjelp å få.

Kl. 19.00 er nok midt i leggetida for mange av dei yngre, men de er hjarteleg velkomne om de har tid og lyst. Vi held på til kl. 22.00 og nokre kjem seint, andre går tidleg.

Før jul brukar vi å ha julebord på bedehuset og på vårparten har vi reist på blåtur.

Nokre onsdagar har vi hatt besøk av garnforretningar og andre, så her skjer litt av kvart.

Velkomne til trivelege timar i bedehuskjellaren!