Gunnarråsa og Storenakken.
Ved Fonnvernet sto ein trufast gjeng klar til start.
Vi starta friskt og det var fint å gå i råsa.
Mykje spennande soppdekorasjonar å sjå på i år.
Litt vatn er der framleis frå drikkevasskjelda.
Litt småpauser.
Ellers er det opp og opp.
Fint å gå i storskogen.
Ein fin flugesopp pynta opp i skogen til oss.
I Gunnarråsa er alle slags faselitetar, gapahuk med bok og sitteplassar.
Ei "reie" du kan svinge deg i.
Hengekøye som var svært god å ligge i, og nyyte utsikta.
Vi sette vidare mot neste mål.
Skrubbebærlyngen er fager.
Liten stopp ved Åseråsa.
i Skonndalen er der høgdemerka stein.
For dei som ikkje har plukka nok blåbær, var der mykje flott og god bær i skonndalen.
Vi måtte rett og slett ha ei blåbærpause.
Gunnar, Kari, Rolfen og Rune på Storenakken.
Med eit glimt av fjord og by helsar vi takk for turen.
Måndag som kjem vert det litt endringar-sjå aktivitetskalenderen.
Vi tek turen til Frølandsetra måndag,
og den før tenkte turen til Tua på Hustadneset går ut.
VEL MØTT!
Kommentarar