Sæbø grendelag er eit aktivt lag som arbeider for trivsel for fastbuande og tilreisande. Dei står bak store prosjekt som grindløde i fonnvernet og området i Kapteinkvia med grill og nytt toalettbygg. Dei organiserar ryddedugnader i Sæbø sentrum og på badestranda og rydding av skog i fonnvernet.

Grendelaget har utgifter til drift og vedlikehald og arbeider no med å få til lys langs vegen opp til Hjertebenken.

På festen laurdag vert det sal av mat og lodd til inntekt for grendelaget.

Mikkel og Marius Riise vil spele for oss, men om du har ein artist i magen er det god plass til meir underhaldning. Diktlesing, song, musikk, tryllekunster, skrøner, historier...

Ta kontakt med Øyvind Taklo på tlf. 477 59 789 for nærare avtale.

(Vi har diverre ikkje høve til å betale honorar)

Dersom nokon vil støtte grendelaget med gevinst til lotteriet kan dei ta kontakt med Øyvind Taklo.

Om du har høve til å hjelpe grendelaget med kake, sveler, baguettar eller liknande er dei takknemlege om du sender ein SMS til Elisabeth Årseth Dimmen tlf. 926 08 041, eller Ingvild Åmbakk tlf. 906 31 014.

Støtt opp om Sæbø grendelag og ta med deg familie, venner og kjende til mat og triveleg prat.

Alle er hjarteleg velkomne!

Sommarfest