Fredag 30.08. er det skulestartdisko på grendahuset.

For dei aller yngste (1.-3.klasse) varer diskoteket mellom 17:00-19:00.

For dei litt eldre (4.-7.klasse) varer diskoteket frå 19:00-20:45. 

Det vert sal av chips, brus og diverse godsaker i kiosken.

Inngongspris 50 kr.

Vi kan vere behjelpelege med skyss til/frå ferje.


Laurdag 31.08. er det knøttedisko på grendahuset frå klokka 12.00 - 13.30.

Alle born i barnehagealder er velkomne til leik og dans.

Kanskje nokon kan kjøpe laurdagssnop i kiosken?

                                                                     Inngong 30kr per person eller 100 kr per familie (inntil 4 stk.)

- Bondalen frilynde ungdomslag -