Hovdenakk Hjort.
Vi las om hjortefarmen i avisa ein dag, og vart einige om at dette hadde vore kjekt å kike på.
Vi ringde Jan Eldar Hovdenakk og han sa vi måtte gjerne kome.
40 dyr har han no, og minst 30 av dei kom springande når vi parkerte.
Litt for hadde han til dei, så då var det ikkje rart dei kom.
Vi fekk vete alt om foring og korleis han hadde laga til for dei.
Vi parkerte to meter frå gjerdet så vi hadde full nærkontakt.
Inni skogen var kronhjortane, dei likte seg best litt på avstand.
Sjønne "bambi kalvar" kom heilt nær og vi sto som fortrolla.
Lyse prikkar har dei i pelsen når dei er små.
Kollene vert litt mørkare i pelsen etter som dei vert eldre.
Ein bukk som har fått gevir, vert nok ein flott kronhjort, eller ein møyr indrefilet.
Dei meskar seg med tørrforet som snacks.
Jan gjekk rundt på marka, og dei fylgde etter han.
Norunn og Jan, tusen takk for god informasjon om hjort og om området rundt frå to lokalkjende syskjen.
Takkar for at vi fekk kome å sjå, vi kjem heilt sikkert att.
Kommentarar