Festivalen og konkurransen opnar fredag 25.august kl.17 og konkurransen sluttar laurdag 26.august kl.17 - medan festivalen fortset med kåring av vinnar og festleg lag utover natta. Med nattfiske får dei mest iherdige også høve til å tålmodig fiske etter dei største artane som ligg på botnen av den 440m djupe Hjørundfjorden. Det vert premiert for størst fisk, flest artar og minste fisk.

Det vert konsert på den gamle dampskipsekspedisjonen fredag, der to av medlemmane frå bandet Silo, som vann Union Blues Cup på Notodden Blues Festival 2016, skal setje atmosfæren i det stemningsfulle lokalet i Sæbø sentrum. Det vert høve til å kjøpe øl og nyte den både på "Dampen" og i festivalområdet rundt huset - og i tillegg kan ein nyte Baccalao på kaia med utsikt mot fjord og fjell!

På laurdag arrangerer vi ein eigen fiskekonkurranse for born og unge i alderen 3-13 år i tidsrommet 14-17, der deltakaravgifta vil vere 30 kr. Det vil vere mange og flotte premiar.

Kl.17 laurdag er hovudkonkurransen over, og det vert innveging og kåring av vinnar. Det vert sal av øl på festivalområdet samt grilla svineribbe med maiskolbe, potetsalat, barbequesaus og grønsaker. Festivalen fortsett frå klokka 20 med DJ Southviolence, som vil lytte til stemninga og reflektere og forsterke denne!

Festivalpass (fiskekonkurranse og konsertar): 200,-
Inngang på festivalområdet: 100,- (dagspass for vaksne, inkludert konsert)

Hovudgevinsten vert eit valfritt bilete frå Galleri Taklo til ein verdi av 9000kr. I tillegg har me mange andre flotte premiar som t.d. fiskestenger, sneller, diverse havfiskeutstyr, sekkar, hovudlykter med mykje meir.

Kontaktpersonar: Kay Are Urkegjerde (tlf: 91549560) og Jørund Walseth (tlf: 41530889).