Dei fleste godt vaksne vil nok hugse den tragiske fonnulykka ved Molaupen i 1971 som kravde livet til sju menn. Fyrst vart dei som skulle berge ned nokre verar tekne, så vart bergingsmannskapet tekne. Molaupenulykka er den verste fonnulykka i Hjørundfjorden i nyare tid. Les om Molaupen sin informasjons på hjorundfjord.no

Molaupen1

Molaupen ligg der i dag som eit igjengrodd kulturminne. Idyllisk ein fin sommardag.


Båt frå Sæbø og Ytre-Standal med lokale vegvisarar.

Det er sett opp båt frå Sæbø klokka tolv og den har også stopp på Ytre-Standal. Skulle båten vere fylt opp frå Sæbø, vil den gå tilbake til Ytre-Standal og hente folk der.

Kjell Rønning vaks opp på Molaupen. Han skal vere lokal vegvisar ilag med Eldbjørg Tvergrov som miste både far og bror i fonna og dotter til Eldbjørg, Eli- Anne Tvergrov som har sett seg godt inn i den tragiske ulykka   

Eldbjørg er fødd på Ytre- Standal og kunne derifrå sjå bort på den veglause garden heile sin oppvekst. Ho har god kunnskap om folket og historia til Molaupen og ho har betre kunnskap enn dei fleste om gardane elles ut i Hjørundfjorden. Ho vil difor også guide på turen ut over.

Ta med niste, gode sko og kle etter veret.

Det vert ikkje høve til å kjøpe mat på turen, så ta med niste og drikke. For å kunne ha oversikt på deltakartalet, ber vi folk melde seg på til 91367470 seinast dagen før. Betaling for turen skjer på båten, så ta med kontantar.

Møt opp på Sæbø i god tid og parker bilen gjerne ved Sæbø bedehus ( ved kyrkja), eller ved Sæbø skule.

Turen vil passe for vaksne i alle aldrar.

 

For arrangørane,

Synnøve Hill

Det var ein flott kulturvandring, med fleire hundere menneskje, til Molaupen i 2005. Les her