Hyttetur til vakre Loen.
Med fullasta buss med kjekke folk, god mat og mykje "remediar" drog vi i veg.
Nysteikte vafler til niste smakte godt til kaffien.
Matpause hadde vi ved de tre bukkane bruse på Hunnes, so stoppa vi ved padda i Austefjorden og såg på den.
Ein liten sving innom Olden for å kike på turistskip, Singerheimen og denne flotte kyrkja.
Vel framme på hytta oppi bakkane på Sande camping ved Loenvatnet, var det tid for pølser og piller!
Mat i triveleg lag, Agnes, Manuela, Knut, Karl, Irene og Jørn.
No senka vi skuldrane og fann fram kosefaktoren.
Etter ei stund vart det steiking av kjøttdeig for det vart taco til kvelds.
Medan vi ventar på maten vart det god tid til Ludo, her var konkurranseinstinktet på topp.
Jørn og Knut trudde dette vart lett match men Gudny og Liv hadde kontrollen og spenninga vart til å ta og føle på.....
Kven som vann? vi røper ingen hemmligheiter.
Gitaren vart flittig brukt og vi song alle songane i reportoaret til dei siste 50 åra!
Flott utsikt mot Loenvatnet men vi kunne gjerne fått strålande sol.
Agnes, Ann Helene og Else kosar seg i sofaen.
Kimberly og Oddny.
Agnes , Jørn og Bjørg.
Då vart vi svoltne og tacoserveringa tok til, dette likte alle.
Vi åt lenge og praten gjekk livlig , det vart fortalt mange gode historier og nokre skrøner.
Ta det med ro- vi røper ingen ting!
Med rikeleg mat og drikke, vart det eit triveleg måltid.
Lyst, lett og romsleg i hytta.
So var det dessert.
og snop.
Det vart seint før vi tok kveld og natta gjekk over til dag, då var det tid for samla frukost.
Etter vi hadde pakka ut av hytta, vart det middagstopp på Hellesylt.
Klar til mat att.
Opplagd gjeng som rett so kosa seg.
Fish & chips....
Eller Løvbiff...
Til dessert fekk vi sjå ein kar som drog på land ein diger laks, sjå midt på bildet om du zoomar inn.
Else, Oddny, Karl, Liv og Annlaug.
Eit bilde til frå Hellesylt bro.
Vi måtte innom Devoldutsalget ein tur.
Bjørg og Gudny synest her var mykje fint.
Else, Liv og Kimberly kosar seg på shopping.
På heimveg køyrde vi Norangsdalen, der stoppa vi og såg på alt som var å sjå.
Vi hadde med konsulent som kunne mykje av historia til dalen, her ser vi Urasetra.
Så Stavbergsetra.
Vi fann infotavle med god tekst.
Ja, alle var blide og fornøgde.
Dette var ein triveleg tur med mykje innhald.
Liv måtte ut for å nyte naturen når vi nærma oss Sæbø.
Karl synest vi kunne svinge innom Viddal for å sjå medan vi var på fjorden, men vi vart einige om å ta den turen ein annan gong.
Tusen takk for laget til alle som var med, dette frista til gjentaking.
Vi hadde med mykje godt humør då vi drog, og endå meir når vi kom heim.