Høgenausa.
Vi starta frå Nygårdstunet som vanleg
Rolfen, Wenche, Kanutte og Bernt Arve.
Eit lystig kor av Bæææædiii song til oss.
På Høgenausa var det trollske skoddedottar.
Sauene kosar seg under desse store granene i regnet.
Vått i råsa så det var greit med gode sko.
Somme stader var det småelvar i råsa.
Fin sti når vi kom lenger opp, bru og steinlagde sti.
Flott med naturens plysj på benken.
No nerma vi oss fonna og då opnar utsikta seg og det vart varmt.
Her er blåbæra snart modne.
Bratt og seigt opp fonna.
Litt pustepause må vi ha.
Karane "mote bakkji"
No ser vi ferga over fjorden.
Snart ferdige med den seigaste kneika.
Ein ny stein har komt ramlande, då fekk den ein varde for her skal vi svinge innover skogen.
Smalt og bratt her også.
Lange rankar med tågebær.
Sånn er det på dei finaste plassane, steintrapp i lette steg.
Her diskuterer vi den vakre Linnea blomen, rikeleg av han i år.
klokkelyngen er og blomsterrik.
Fin gjeng i skodda, som kom sigande.
Siste bratta no.
No vart det opphald og vi fekk nyte utsikta ei lita stund.
Bernt Arve, Rolfen, Kanutte, Wenche og Bodil.
Det regna visst på Sæbø.
Likeså fram i dalen.
Mykje flotte einebær å sjå.
Tusen hjerteleg takk for laget, vi fekk ein triveleg tur.
Det gjekk bra nedatt også.
ja, visst fann vi Solblomen, Arnica montana som sto i sin finaste skrud.
Neste måndag vert det tur til Nedste skaret, og Tua på Sæbøneset.
VEL MØTT!
Kommentarar