Gardsdag på Hjørundfjordheimen 2017
"Budeia" Haldis kom med markblomster til å pynta borda.
Vakkert!
So kom Linda med grisane til oss.
Linda kom med bukkene - bruse.
Staselig og rolig bukk, som fascinerte store og små.
To hestar , Gasina og Torden.
Ein yngre bukk var også.
Grisane trengde solskjerming for ikkje å bli solbrende.
Mange born kosa seg med å sjå og mate dyra denne dagen.
Grisane var svært populære.
Men.... so hadde vi eit lass med gras.
Redige, dyktige slottekara sette opp ei hes.
Godt samarbeid må til.
Presisjon og diskusjon.
Sjå berre her, dette vert bra.
Unge og vaksne fekk hesje, og hesa vaks.
Mange hadde hesja moooonge gonger før, andre ikkje.
Eivind kom å spelte og song til oss.
Linn song i lag med han.
Både trekkspel og gitar vart flittig brukt og smektande kjende tonar og melodiar som folk nynna med på.
Kaker av beste slag, knallrosa cupcakes servert av Oda Merete.
Eit bugnande kakebord, med mange slag.
Formkake, svissrull, cupcakes og muffins.
Eit yrande folkeliv vart det.
Vaflesteiking for full rulle og kaffi og saft til alle.
Sigve rakk å få knollane i jorda.
Me fekk låne kinna med Valborg, og Marie Helen kinna så rjømen skvatt.
Rita frå Litauen kjem frå gard og kan huske at dei kinna frå ho var barn.
mange små og store ville prøve kinna.
Somme synest det vart tungt å halde på.
Borghild som har runda 100 år, kunne fortelje og gje råd om kinning.
Etter vi fekk lære om korleis "kinnalåten" skulle lyde vart det fart i sakene og vips so vart det smør.
Du fekk dei som ville smake saup, og smøret vart vaska og salta og laga i porsjonar.
Dersom nokon vil smake kan du kjøpe på Nilsbuda, løp og kjøp, begrensa produksjon!
I sola sit Bishnu og Sita og ser på aktivitetane.
Litt pengar kom inn for å dekkje utgifter.
Folk kosa seg i det fine vèret.
Haldis steikte vafler i to doble vaffeljarn.
Borghild synest det var kjekt med so mykje å sjå på.
Det vart sett opp parasollar så ikkje folk skulle bli mødde i sola.
Folk og dyr i hærlig blanding.
Godt vi har god plass, dette var tidleg på dag.
Kjekt å få prate med kvarandre trass ulik alder.
Ein hærleg flokk med arbeidarar.
Anna og Liv er spreke setrekjelle.
Irene, Bjørg og Liv sette seg ei stund i skuggen.
No var det fullt på plenen, mykje folk og full aktivitet.
Der kom eit lite lamb med bleie og helste på oss.
Ragna fekk legge lambet i fongene og klappa på det.
Røven har vore borti å skada det så det treng litt ekstra omsorg.
Gardstausa Linda er god å ha, ho kjem med mange dyr og heile familia som hjelper til med stort og smått.
Ja, vi må nok sei oss kjempefornøgde med Gardsdagen i år også.
Alt gjekk bra og alle var fornøgde, mykje folk og gode hjelparar.
TUSEN HJERTELIG TAKK TIL ALLE SOM KOM INNOM OG
TIL ALLE SOM BIDROG MED SMÅTT OG STORT.
INGEN NEMNT, INGEN GLEMT.
Kommentarar