Valsetheida og Eitrefjellet.
Anette, Christian , Rigmor, Rolfen, Haldis, Kari, Bernt Arve, Rune, Fred og Bodil.
Vi starta på parkeringa til Ørsta skisenter som vanleg.
Fine forhold i løypa for sommarsbruk.
I Nakkeløypa er det store endringar, her vert det kjekt å renne til vinteren.
Jamna, og kulen oppe er sprengd vekk slik at det no er råd å trakke traseen.
Nedover er det no jamnare og drensgrøfter er ordna.
Nedi Nakken såg vi hjortane som går på området sitt, omlag midt på bildet.
Himmelen var fargerik i kveld.
Vi hadde nok tenkt at det kunne kome ei regnbyge eller to men det var fint heile turen.
Vi nerma oss enden av Nakkeløypa.
Storevatnet låg der men litt vind krusa overflata litt.
Vi gjekk vidare ved Storevatnet og mot Korsvatnet.
Eit uvanleg langt eksemplar av ein "kråkefot".
Tørt og fint terreng berre vi heldt oss litt opp i sida rundt vatna.
Ved hytta vart det tid for skriving i boka og mat og drikke.
Fred, Christian og Rigmor.
Bernt Arve, Rolfen og Kari sit godt på benken.
Fellesbilde med dalen i bakgrunnen fin utsikt i dag.
Anette, Christian, Rigmor, Rolfen, Haldis, Kari, Bernt Arve, Rune, Fred og Bodil.
På vegen mot Eitrefjellet delte vi oss, nokre gjekk bortom Iglevatnet.
Ved rasteplassen til himmelseglarane er det nydlig utsikt.
Andre gjekk over høgda mot vatna.
Vidare gjekk ferda mot Eitrefjellet og øvre heistasjon.
Vi måtte nyte utsikta mot Ørsta og Volda og den flotte kveldshimmelen.
Råsa vi valgde nedatt gjekk i bratthenget.
Vakker myrull og vakre "småpiker" i graset.
Her kan vi sjekke ruta: sånn ca oransje rute til raud nr 3 vidare oransje nr 8 til vi gjekk nedatt raud nr 1.
Med denne fargerike kveldshimmelen og spesielle skyforasjonen, seier vi takk for laget og husk å nyte det fine vèret.
Neste måndag vert det tur til Bjønndalen.
VEL MØTT!
Kommentarar