Tua på Hustadneset.
Bodil, Ann Helene, Wenche, Terje, Theo, Kari og Rolfen, med Nordangsfjorden i bakgrunnen.
Kledde for regn starta vi turen nede ved hamna.
Theo og Terje dukka også opp.
Regnbogen avsørte at ferga nok har ein skatt ombord.
Utegangarane meska seg med grønt og saftigt gras.
Sleip og glatt var råsa så me måtte gi oss tida.
Her er steinen med trappetrinna, no veks graset godt og sjuler trinna.
Råsa er litt omlagd då granskogen er utrygg å passere no men den nye råsa er godt merka og tydelig. Her er vi komne opp til gamleråsa att.
Oppe ved mastene bles det skikkelig.
Regnbygene sto i kø uti fjorden.
Vi sette kursen mot høgare mål, nokre var veldig målretta.
Me andre kom etter.
Skår kan ein skimte stikk fram og snøbreen er endå stor i Lidagjølet.
"Hjortespaet" ser velbrukt ut.
Snart oppe ved varden, utsikta er upåklagelig endå i regn.
Terje, Theo og Rolfen var komne opp og skreiv seg i boka.
Theo visar kunstar, flink bisk fekk seg godteri.
Fellesbilde 1, Theo måtte snu seg for å sjå kva som sjedde.
Fellesbilde 2 blid gjeng, fellesbilde 3 vart ingressbildet synst det vart best.
På vegen ned måtte vi knipse litt til.
Her ser vi like til Viddal.
Ei krokete bjørk pyntar på Sæbø.
Jammen sjå då; sjølv i styggevèr er utsikta som eit måleri.
Ann Helene er enig og sola skin på Stennes.
Ja vi fekk faktisk ein fin tur med ikkje så mykje regn likevel.
Tusen takk for laget.
Måndag vert det tur til Høgenausa,.
VEL MØTT!
Kommentarar