Stokkesetra og Klokkura
Kledde for regn og væte, på parkeringsplassen var vi: Theo, Terje, Rune, Rolfen, Barbro, Kjell Rune, Haldis og Kari.
Vi starta presis og sette i veg innover mot Stokkesetra.
Ei bildør haurde vi og der kom Wenche og Ingeborg også.
Steinane var glatte med vi konsentrerte oss om kvar vi sette foten.
Ein liten stopp ved follja hass "Jase-Pit".
No såg vi optimistane at det vart lysare, kansje hanj skine av?
Vått i råsa, godt med tette sko
På Stokkesetra fann vi boka og skreiv oss, eit bingokryss er i boks.
Det er moderne med glastak og open himmel-look, Stokkeselet er moderne!
Vi stoppa ikkje so lenge i regnet, vidare måtte vi.
Over stokk og stein.
Over elvar og stryk.
Vi hadde tenkt å ta turen over elva til Frølandsetra på heimatteturen men elva var stor så vi lot det vere.
Neste mål var Klokkura, dit skulle vi kome oss.
Stakkars kyr og saude i dette våte veiret.
Olivinsteinen var våt og bokstavar og teikn tydelige.
klokkura i sikte
Vatnet fungerte friskt.
Doet vart inspisert og besto.
Fellesbilde i klokkura:
Bodil, Ingeborg, Wenche, Terje, Theo, Kari, Barbro, Kjell Rune, Rune, Haldis og Rolfen.
Det letta ALDRI.
Men vi fekk ein fin og våt tur, det var ikkje kaldt så det kunne vore verre.
Bingokrysset var sikra.
Tusen takk for laget, heim å fyre i ovnen sjølv om det snart er Jonsok!
Neste måndag er det tur til Tua på Hustadneset, då må me få opplett!
VEL MØTT!
Kommentarar