Kapteinkvia er eit fantastisk flott anlegg og grendalaget gler seg til at heile kvia vert fylt med folk Jonsokafta.
Det vert fyr på grillen og Bedehuset vil stå for sal av rømmegraut og vafler.
Det seiest at unge jenter som plukker seg ein blomsterbukett med sju ulike blomster midtsommarnatta, og legg buketten under puta si, skal drøyme om den ho kjem til å gifte seg med. Om det stemmer er ikkje godt å seie, men sikkert er i alle fall at urter og blomster er på det vakraste rundt Jonsok.
Vakker utsikt ventar midtsumarnatta
Velkomne til kjekk samling i kapteinkvia!
Kommentarar