0001

røde ballong

I sommar skal Hjørundfjord Filmteater ha to samarbeidsprosjektar! 

Fyrst ein regnversdag i juli, førebels laurdag 8. juli, men dato kan bli endra: Den røde ballongen (1956) og Den hvitte hesten (1953) på Dampen, den nye samlingsplassen på kaia på Sæbø. Kom og få GRATIS kaffi, GRATIS is til ungane (Grundes Gelato), og GRATIS framsyning av to av dei mest bejubla kortfilmane for barn nokon sinne. Dette skal vere lågterskel og berre å stikke innom om de er i sentrum. Dørane opner 13 og startar film etter is og kaffi er servert. 

Søndag 16. juli er det klart for reprise av stumfilmkonserten  av THE KID (1921), denne gongen på Jensaløda på Leira inst i Hjørundfjorden. Framsyninga er samarbeid med Indiefjord-festivalen, men ein må kjøpe eigen billett då det er i regi av Hjørundfjord Filmteater. 

Vi i Hjørundfjord Filmteater ynskjer å samarbeide med andre positive krefter i fjorden!