Fredbua i Gunnarråsa.
Fredbua i Gunnarråsa er ein triveleg sitteplass på den mest populære turist og fastbuande sin rekreasjonsstad. Gunnarråsa har hittil i år hatt 1000 registreringar av turgåarar og då er sesongen så vidt starta på "rett".
Her er Fred i gong med å montere flagg, dette vert bra
På taket vert det lagt litt tetningsmasse slik at det ikje dryp gjennom når det regnar men i år skal det regne berre litt om natta vel....
Nokre andre er i sving med å pynte kake, mykje som går an til fjells berre ein har litt berehjelp opp.
Sjå der ja no kan festen starte.
Fredbua er herved opna med festbrus i glaset og kake på fat.
Utsyn som dette og trivelege folk kan ein betre ha det?
Hengekøya er fornya og vert flittig brukt.
Kaka smakte den, ikkje sant Haldis og Ann Helene?
Hilde i eit idyllisk motiv.
Ansgar og Gunnar.
Det vart ein triveleg ettermiddag for folk og dyr.
Vi kosa oss i den varme sola og nytte utsikta.
Siw, Tore, Øyvind og Kanutte.
Stemninga var god og det var jammen kaka med.
Gunnar, Alvhild, Kari, Haldis, Irene og Tore.
Fred fekk ein velfortjent "siesta" i hengekya med kake og utsikt.
Ein triveleg gjeng helsar deg god tur på alle dine små og store turar i år men spesiellt i Gunnarråsa i Fredbua.
Vel møtt på måndagsturane framover og du som ikkje har kjøpt Fjellbingo har framleis god tid til å gjere dette, husk ei rekkje eller linje er nok til å vinne ein premie
Helsing trimgruppa i Sæbø i.l.
Kommentarar