Vatnebergvegen
Vi parkerte og kjende at det var ein skarp og kald vind som var i lufta
Vi starta å gå, godt kledde for vind
Vinden stilna då vi runda fyrste sving, og det var lunt å gå i den flotte furuskogen.
Lappegoplene vitnar om vår.
Inta, Kari, Alvhild og Haldis i god fart
Kjell Rune, Barbro, Jorunn og Theo, med Siw, Helga og Elisabeth bak.
Jammen, fann vi ei turbok å skrive oss i.
Haldis vinkar til kjære og kjende.
Mot Bondalseidet, der ser vi at skiføret er nok over i bratthenget for i år.
Helga, Alvhild, Siw, Elisabeth, Kjell Rune, Jorunn og Barbro.
Framleis tydelige spor etter leirraset for endel år sidan.
Kari ledar spurten, og Siw kom på andre plass, viktig med intervalltrening.
Når eg prøver å springe forbi for å ta bilde så vaknar konkurranseinstinktet.
Flott utsikt mot Vatne og Nakkjen herifrå, og Krøvelen sjølvsagt.
Her er Bjørka komen langt, og Rogna likeså.
Bakke opp......
Og bakke ned....
På tide å snu?
Sildrande fossefall.
No kjem ei regnbyge mot oss.
"Monstermastene" går like ved vegen og vi ensa dei knapt.
Regnet for forbi, og vi går heimatt same veg som vi kom.
Skal tru korleis ei furu kan vekse seg slik?
Då var vi ved vegs ende for denne gong, ein grei tur med variert opp og nedoverbakkar og flott utsikt.
Kan anbefalast. Neste tur vert til Åmsnipa, start frå parkeringa på Skisenteret kl 1800.
Der kan vere vått så husk gode sko.
Fortvil ikkje om det kjem litt regn husk at alt håp er UTE!
Takk for turen, vel møtt til neste.
Kommentarar