Hjørundfjord Mannskor er no for alvor i gong. Tanken på eit mannskor vart modna i fjor, og frå januar i år har det vore fast øving på Bedehuset kvar mandag. Vi ynskte oss primært ein kvinneleg dirigent, aller helst frå Oceanea. Det passar difor svært bra at den eminente Janine Berg har tatt denne rolla, noko ho gjer på ein framifrå måte. Ho gjer ein betydeleg innsats, og legg mykje arbeid i førebuing og gjennomføring av øvingane. 

Mannskoret samlar 20 mannfolk i alderen 27 til 77. Vi prøvar å kombinere det sosiale med det musikalske, i ei god blanding. Musikken skal ikkje vere for stiv, men tøff og sjarmerande, og med bra trøkk! 

Søndag 02.04 var det tid for aller fyrste offentlege opptreden, og nervane var sjølvsagt til stades hos nokon og ein kvar, men vi trur dette gjekk bra!. "Bondalssongen" (6 vers), "Dona Nobis Pacem" og "Amazing Grace" vart framført for eit begeistra publikum. Av naturlege grunnar vart det ikkje ståande applaus, men vi trur det fall i god smak. 

Vi sjåast kanskje til 17. mai? 

IMG_3051

IMG_3066

IMG_3074