I løpet av veke 16, (18.-23.april) kjem dei aktive handballspelarane i bygda rundt til alle husstandar i dalen.

Har du flasker klare, så sett dei gjerne klar i gangen eller utanfor døra til vi kjem.

Dersom du ikkje er heime når vi kjem, må du gjerne kome til oss med flaskene. Du ser på rodene nedanfor kven som kjem og samlar hos deg.

Roder til flaskeinnsamling:

Rode 1: Sæbøneset – Sandvika: Håkon

Rode 2: Sandvika – Hustadbrua: Adrian

Rode 3: Rise – Holen – Aklestad: Marthe/Oliver

Rode 4: Hustadnes- Moane – Kvistad: Mariell/ Marius

Rode 5: Frøland – Myrhol – Stokke: Emma

Rode 6: Aarseth – Gjerde – Tryggeset – Ville: Marius Bjarne

Rode 7: Sledal – Rekkedal, til skulen: Julianne

Rode 8: Byggjefeltet – Bureisarvegen – Valset – Tvergrov:  Marthe E.

Vi har etterkvart vorte heilt avhengig av støtta vi får frå flaskeinnsamlingane, og handballgruppa treng all støtte vi kan få. Pengane vi får inn går til utstyr, turneringar og andre utgifter som fylgjer med.

Vi takkar for all støtte vi har fått tidlegare, og vonar at det vert mykje flasker å få denne gongen også :-)

Med vennleg helsing

styret i Sæbø Handball