«Vi i soknerådet har bestemt oss for å teste ut eit nytt konsept her i kyrkja,» sa Regine Aklestad då ho presenterte prosjektet etter gudstenesta søndag. «Vi ynskjer å gjere kristen litteratur lettare tilgjengeleg for folk og håpar minibokhandelen vår kan inspirere små og store til å lese og lære».  I bokhandelen som er plassert bakarst i kyrkjerommet kan ein mellom anna finne billedbøker med forteljingar frå Bibelen, gåvebøker, ungdomsbøker, andaktsbøker og fordjupningslitteratur for vaksne. «Her er det fleire fine faddergåver til både små og store born», tipsar sokneprest Espen Aarseth.

Sortimentet er avgrensa, men soknerådet har prøvd å plukke ut nokre godbitar for ulike aldersgrupper. Utvalet vil variere og bytast ut over tid.

Heilt praktisk fungerer opplegget slik: inni kvar bok er det lagt ein giro. Dei som har lyst til å kjøpe ei bok tek den med seg heim og betalar giroen med ein gong. Prisen på bøkene er den same som innkjøpsprisen, så dette er ikkje noko soknerådet skal tene pengar på. «Ta ein titt neste gong du er i kyrkja!», oppmodar Regine og Espen på vegne av soknerådet.

Har du spørsmål om prosjektet eller tips til fleire gode bøker kan du ta kontakt med soknerådet ved Lisbet Vatne Nielsen (47688650), Siw Bjørdal Lillebø (95247709) eller Regine Aklestad (47665648).