Manuela Ritter og Lisbet Vatne Nielsen var det som heldt kurset. Dei hadde samla bjørk i dagevis. Dei ferdige kransane vart så pynta med valfritt materiale som blåbærlyng, gåsungar, buks, diverse band, fjør, eggeskall, og figurar. Temaet gjekk i vår og påske.

20170325_201500          20170325_202625    

Det vart ein kjekk og inspirerande kveld både for kursdeltakerne og oss som heldt kurset. Det vart servert tyske påskekjeks og ein liten dessert,  i tillegg til ein frisk velkomstdrikk i fine glas.

20170325_192958

20170325_185954

Manuela hadde tatt med vår og påskeblomar som ho sette så vakkert saman, og mannen Bernd har laga store egg av tre.

20170325_190858 

20170325_190850

( Beklagar at dette biletet er feil veg men eg får ikkje til å snu det og det fine egget Bernd har laga måtte berre med .)

Mykje tid og arbeid hadde vi lagt i å førebu denne kvelden, men det var veldig kjekt å sjå fornøgde og glade damer så dette gjer vi gjerne igjen. Lenge leve kreativiteten og skapergleda. Og ikkje minst: Tusen takk til dei 12 damene som kom.