Laurdag 25. mars kl. 19.30 vil Lisbet og Manuela ta med seg ymse materiale og lære deg å binde ein krans og pynte den i temaet vår/påske. Dei vil og gi deg inspirasjon til forskjellig pynt mot vår og påske.

Damene er kreative og flinke med naturmaterialer. 

Manuela står for dei flotte sesongdekorasjonane utafor inngongspartiet til sjukeheimen på Sæbø og Lisbet er kjend for dei flotte blomsterdekorasjonane ho lagar. Bukettane hennar har vore å finne på Nilsbuda dei siste somrane.

Dette vert ein kjekk laurdagskveld, så meld deg på før det vert fullt.

Kostnad vert kr. 200,- per deltakar, inkludert materiale og forfriskningar.

Dei ber om at deltakarane tar med seg ei greinsaks.

Påmelding ved SMS til Lisbet: 476 88 650