Nei, Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) kan ikkje love sol og skyfrie dagar kvar dag, men dei kan love at dei held ope heile påska og at "sola" i midten av skulebollane er gul, stor og vakker.
![]() |
Dei runde hjørundfjordbrøda er favorittbrødet til mange. Dakar Dagfinn har rikeleg med ferske brød av alle sortane han lagar. |
I dag kan du igjen handle ferske bakarvarer i butikken/kafeen til Strands bakeri på Sæbø, bakeriet som ligg rett ved ferjekaia. Her kan du få kjøpt i alle fall seks ulike sortar brød, gjerne så ferske at dei enno er varme. I tillegg kan du få kjøpt skulebollane og alle dei andre sortane som vi veit brukar å vere der.
Bakeriet har også eigen kafe der du kan få kjøpe kaffi og anna drikke i tillegg til bakarvarene.
Opningstidene vert slik:
Kvardagar: Klokka 1000 - 1630
Laurdagar: Klokka 0930 - 1500
I tillegg til dette vil bakeriet halde ope både Skjærtorsdag, Langfredag og
1. og 2. påskedag. Opningstidene på desse dagane vert frå klokka
1000 - 1600
Sjølvsagt ynskjer Kanutte og Dagfinn både nye og gamle kundar hjarteleg velkomne.
Kommentarar