Dirigent Marie Austrheim Riise er tilbake frå morspermisjon og ynskjer velkomen til alle nye og gamle songarar i Hjørundfjord barnekor. Vi har eit spennande semester foran oss og vi skal  synge gamle songar og lære mange nye songar. Vi har det veldig kjekt i lag på kor og vi har lyst å ha med DEG i koret vårt! Vi øver kvar torsdag på Sæbø bedehus frå kl.15.00-16.00.

Det er ope kl. 14.45 på bedehuset. Då har har borna tid til evt. å ete mat før korøvinga. Ta difor med matpakke og drikke.

Vi skal vere med på fleire arrangement i løpet av semesteret. Vi skal m.a synge på tre gudstenester, synge på Hjørundfjordheimen og ha konsert.

Barnekoret er frå 1.klasse og oppover.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med dirigent Marie Austrheim Riise på tlf: 45235996 eller send meg ein epost: marie.austrheim@orsta.kyrkja.no

Bli med på kor komande torsdag. Vi sjåast!

Dirigent,
Marie Austrheim Riise