Årsmelding for Sæbø bedehus 2016.

 

Årsmøte for 2015 vart halde 25 januar 2016 i kjellarstova. Då vart det einstemmig vedteke å legge ned det gamle bedehusstyret. Det nye styret vart konstituert på første styremøtet:

 

Styret 2016

Leiar : Ann Helene Wille

Nestleiar: Åshild Taklo

Skrivar: Lisbet Vatne Nielsen

Kasserar: Knut Stokke

Medlemmer: Kari Stokke, Jørund Aklestad, Kjellaug Hustad

1 vara: Haldis Fiskå Mo

Revisor: Jon Urkegjerde

 

Møteaktivitet

Styret har halde 6 styremøter i 2016. Mykje møtetid har handla om eigarskapet til bedehuset og korleis finne ut meir om formalitetane som må på plass for å kunne skipe eit nytt eigarstyre. Det nye styret ynskjer å eige bedehuset som ei stifting/ forening.

Dette året har vi også regulert opp husleigesatsane.

 

Aktivitetar

 

Påskecafe 24 mars.                                                                   

Første store arrangenet i år var påskecafeen. I år vart det diska opp med potetball og kakebord. Mange var i aksjon for å få denne cafeen gjennomført. Mykje folk var innom å kjøpte seg middag og kosa seg. 

 

Klebytedagar  1 mars,  og ein kveld til.                                                                        Her hadde folk med seg kle og så vart det kjøpt nye for ein billeg penge. Det vart selt vaffler. Det møtte litt folk. Dette var noko nytt av slaget i år.

 Dugnad  23 april

Før huset skulle verte leigd ut til fleire konfirmasjonar var det vigtig å få vaska  Der var ein liten gjeng som møtte og gjorde det slik at huset vart presentabelt. I kjøkenet vart skap og skuffer vaska. Peisestova vart støvsuga, og taklistene vart reine.  Storesalen og lillesalen vart vaska grundig. Etterpå kosa vi oss med pizza og kake.

 Plantedag 28 mai.

Vi gjorde ein ny vri å heldt den på ein laurdag, det gjorde at meir folk kom innom.

Nytt i år var at gravferdsbyrået var med og hadde ein stand der dei viste fram gravlykter og div, og folk kunne spørje og få vegleiing på ting rundt dette med stell av gravstein og gravplass. Dette var veldig positivt og mange tok kontakt. Urke gartneri og og Aarsetøy stod for sal av blomster. Det vart servert rjømegraut og ute vart det steikt vaffler og selt  skuffekake.  Loddsal hadde vi på ein flott  brodert juleduk. I kyrkja var det ope for folk som ville gå inn og nyte vakker musikk og ta tid til ei stille stund og kanskje tende eit lys.

Jonsokafta sal av graut / vaffler                                                                

På Kapteinkvia vart det rigga opp  for sal av rjømegraut og vaffler til inntekt for bedehuset.

 

Loppemarknad 24 og 25 september.

Desse to dagane var bedhuset fylt til randa med lopper, og mykje vart selt unna. Mange melde seg og ville hjelpe til. På kjøkenet vart det atter ein gong trakta mengder med kaffi og gode kaker . Mykje arbeid vart lagt ned både før og etter desse dagane. 

10 oktober vart det helde takkefest for alle som hjelpte til på loppemarkedet.

16 stk møtte og kosa seg pizza og marsipankake.

 

 

Julemesse 20 november.

Julemessa vart også i år eit vellukka arrangement. Utstillarar var nokre som i fjor, men også nye. I kjellarstova var det cafe .Vi hadde rjømegraut, karbonadesmørbrød og kaker.

Loddsal og gevinstar frå kvar stand var det også .

 

Juletrefest 28 desember.

Juletre var pynta, godteposar til borna, var laga, musikkinslag, juleevangeliet, 1 klasse med fleire gjekk Luciaopptog, og filmen ” Papa Panovs juledag” vart vist. Mykje folk møtte til denne tradisjonelle juletrefesten, og nissen delte ut 34 godteposar denne kvelden. Etter juletregangen var det matykt i kjellarstova.

Lina Sandell kveld 10 november

Presten kom og heldt Lina Sandell kveld i kjellarstova i september.

 

Strikkecafeen

Der har vore godt gong i strikkecafeen dette året også. Omlag 20 damer møtest kvar onsdag i kjellarstova. Det går på omgang kven som steller i stand. Damene på strikkecafeen er uvurderlige, og har støtta elles det som skjer på bedehuset med kaker, hjelp til sal, og gevinstar.

 

Filmteateret

Filmteateret har hatt ein god sesong og hatt filmframvisning ein søndag / torsdag i månaden i vinter, haust og vår parten. Vi er glade og takknemlige for at desse eldsjelene vil bruke bedehuset til dette føremålet .       

 

Barnekoret

Ca 20 born møtte til korøving torsdagane i vårhalvåret. Kantorvikar dirigerte dei fram til sommaren. Då vart det eit opphald då ho gjekk over i ny stilling.             

 

Utleige

Bedehuset har vorte flittig brukt og leigd ut i 2016. Dette er ei god inntekt for huset og drifta. Huset har i 2016 vorte leigd ut til : Minnesamvær, barnedåp og konfirmasjonar. tyske sommargjestar på loftet og  Sunnfjord folkehøgskulen.

 

Investeringar

Sofa til kjellarstova

 

Prosjektmidlar

Søkt om 60 000 prosjektmidlar til oppussing av kjellarstova med Sparebank1. Vi fekk 2000 kr.

 

Vedlikehald

Pussing av muren utvendig på nedsida av huset.

Maling av muren og singel langs med muren.

Til slutt

Vi i styret for bedehuset ser tilbake på eit år med mykje god aktivitet som vi vonar er med på å styrkje samhaldet i Hjørundfjorden, og at folk kjenner at her er det godt å vere. I tillegg har vi gjennom utleige og inntekter på matsal fått inn ein god slump pengar slik at vi kan få halde huset ved like slik at det framleis vil framstå som eit moderne hus.

Vi vil nytte anledninga til å takke alle som har hjelpt til i 2016.

 

På vegne av styret for Sæbø bedehus:

Skrivar, Lisbet Vatne Nielsen