Søndag 15.01 er det semesterstart for den lokale filmklubben på Sæbø. Ein kan då kjøpe seg medlemsskap som de kan bruke heile 2017!
Kl 17.00 er det tid for GUBBEN OG KATTEN - MASEKRÅKER OG BESTEVENNER (2014). Denne filmen er tilleten for alle, og var ein suksess hos både publikum og kritikarar. Figurane er nok velkjende for dei fleste. Litt artig at filmen er tysk, laga av ein tysk-iransk regissør! Alle snakkar norsk. 

gubben
Kl 19.30 har vi eit heidudranes opplegg for vaksne. 
Hald dykk fast:
- Introduksjon med kortfilmen "ÅRET GJENNOM BØRFJORD" (1991) (12 min). Ofte kåra til den flottaste norske kortfilmen noensinne, filma i nydelig 70mm-film med drivande musikk. 

året gjennom


- Foredrag fra lege, foredragshaldar og sjakkentusiast Jørn Kippersund om Magnus Carlsen. 
- Showkamp: SÆBØ vs. BJØRKE, Hjørundfjordmeisterskapen i lynsjakk mellom Marius Riise og Jørn. På eit heimesnekra stort sjakkbrett. 
- Hovudfilmen MAGNUS (2016), ein dokumentar som tar for seg idrettsutøvaren og personen Magnus Carlsen. 

carlsen
Sett av datoen! Denne blir moro! :D