Tre ulike spesialframsyningar på favorittkinoen din i februar!

Først ut er det UNGDOMSFILM med THE MARTIAN frå 2015. Dette er ein relativt ny film, som absolutt burde sjåast på stort lerret med sourroundlyd. Ungdommen i bygda står sjølv for arrangementet, og oppfordrar andre i aldersgruppe til å komme. Framsyninga er flytta frå 03.02 til 10.02, altså ei veke fram. Aldersgrense 9 år.

martian

Bilde copyright: Fox home entertainment ANS

Tirsdag 14. Februar er det tid for VALENTINARFILM med THE NOTEBOOK frå 2004. Dette er romantikk for alle pengane, ei svært god anledning for kvardagsromantikk og gi forholdet ei vitaminsprøyte i det nye året. Dette er ein film de uansett kan sjå om igjen, om de har sett han før.  Kiosken skal sjølvsagt ha eit utval med godteri som får deg i rette stemninga! Ta med gubben, kjæresten, elskaren eller kanskje blinddate?

notebook

Bilde copyright: SF Norge

Søndag 26. Februar (Fastelavenssøndag) er det duka for STUMFILMKONSERT på Sæbø bedehus. Denne filmen er tilleten for alle, anbelast spesielt frå 5 år og oppover. Med levande musikk og Chaplin blir dette noko utanom det vanlege. Sjå eiga sak og eiga hending. https://www.facebook.com/events/1831151380489244/

the kid

Bilde copyright: Gardners