Bokbåten skal ha stopp både på Sæbø og på Bjørke. På Sæbø er bokbåten kl 11.45-13.15, den reiser så vidare til Bjørke og har ope der frå 14.15-15.15.
Bokbåten Epos.jpg1

På Sæbø er vi så heldige å få med oss eit program kl 11.45. Det er Astrid Elise Sæterøy som står for programmet som har fått namnet " Bolletjuven og andre eventyr". Kvar finn ein Bolletjuven? Kan ein golv- mopp bli til ein prins? Må ein være ei prinsesse for å kunne kjenne ei ert under hundre madrasser? Desse spørsmåla vil du få svar på i løpet av ein leiken halvtime med skodespelar Astrid Elise.
Astrid-Sæterøy

Bileta er lånt frå bokbåten si nettside bokbåten.no