Hjørundfjordportalen har en eigen annonse på hovudsida, her kan de trykke og sjå oversikten over filmtilbodet våren 2017. 

Vi forsøker å ha eit variert program som skal treffe flest mogeleg. Presentasjonar av programmet kvar månad kjem og då med meir detaljar om filmane. 

Du får varierte bornefilmar frå heile verda, fascinerandre historier om ekstreme sportsmenn (Magnus Carlsen og Martin Strel), romantisk valentinarframsyning 14. februar, ungdomsfilm der ungdommen i bygda er sjef, episk og kosmisk drama på Filmsalongen, samt påskekrim for både barn og vaksne! 

Nytt for semesteret er eit kortfilmprogram, ein film for vaksne, og ein for born. Vi har sjølvsagt valt ut på øverste hylle. 

Hovudframsyninga dette semesteret er STUMFILMKONSERT med levande musikk. Dette må vere fyrste gongen i Hjørundfjorden, og truleg er det nærare 90 år sida det vart gjort sist i regionen. 

Vel møtt til ein intim filmklubb med fokus på kvalitet og gode rammar for filmar, med genuin kinokjensle!

The Kid

The Kid (1921)

the notebook

Dagboken (2004) 

magnus

Magnus (2016)

roger rabbit

Hvem lurte Roger Rabbit? (1988) 

Big River Man

Big River Man (2009) 

totoro

Min nabo Totoro (1988)