Jul, jul strålande jul...
Bordkort under produksjon, her er det djup konsentrasjon. Ann Helene og Bodil.
Klipping, liming og resultatet vert bra, Monica og Liv.
Knut Stave og sonen kom å spelte og song julesongar til oss, Knut høyrer på.
Luciasong frå fyrste klasse på Sæbø skule.
Åmås friskule kom med julesong ein dag.
Kaffi og vafle til lunch, det passar godt.
Liv, Janeth, Ruth, Sigrun, Marie og Sigmund.
Haldis lagar peparmyntegodteri med smidige hender. Ruth og Janeth synest det er spennande.
Ein dag kom Elbjørg med ei bøtte med noko svært spennande....
Alle fekk sjå på , det var 20 fiskar frå "Fiskeoppdrettet" på Tvergrova som fekk seg ny heim på Hjørundfjordheimen.
Elbjørg hadde rikeleg med slike algeetarar, dei formeirar seg villigt på Tvergrova.
No flytta dei inn i akvariet, og det til stor glede for fiskar, folk og katt!
No er juletreet pynta og jula kan kome, Liv ordnar det slik at kulene heng jamt og fint.
Simund synest det er fine greier.
Mari Anne og Bjørg får hjelp av ei som kan dette , til å pynte treet i fyrste etasje.
Julestemninga er på plass.
Sakeleg prat om bordoppstilling? Sigve, Mari Anne og Kolbrun.
Eit sikkert teikn på at jula er her, er når politikarane kjem på Julebesøk.
Karen Høydal kom og fekk eit triveleg bordsete med kjekke damer, Bjørg, Ragna, Karen, Karoline, Karen og Anne Mari.
Me på Hjørundfjordheimen vil ynskje alle ei fredelig og god jul.
Vel møtt til julefesten 29 desember.
Kommentarar