Vi har kvart år sett behov for å tynne ut skogen og det har vorte rikeleg med juletre som vi har gitt vekk. I år også prøver vi oss med litt sal og vi gler oss til sambygdingar tek tuen innom. -  seier Caroline Hjellegjerde på Vatne i Åmdalen.

Juletre på Vatne 2015

Elles kan det nemnast at vi er å treffast på garden kvar ettermiddag, men frå onsdag er vi også å treffast på dagtid. Det er berre å kome innom når det måtte passe for bygdefolket!

12366604_10153824662326908_246485156_n

Vi held til på Vatne i Åmdalen og folk finn oss i krysset, nedom vegen, som gjeng inn til Vatnedalen. I desse førjulsdagane så er vi heime og kan vise fram trea til dei som ynskjer å sjå på det vi har å tilby. Vi har både gran og furu, og trea er berre nokre dagar gamle, så vi meiner vi har eit godt produkt , seier ho.

Velkomen til juletrehandel på Vatne .

Ring oss på tlf.93 43 12 21

Caroline Hjellegjerde og Hallgeir Aam