Bakar Dagfinn Strand har allereie steikt dei første Hjørundfjordbrøda for julesesongen 2016. |
I dag, fredag 2. desember 2016 klokka 1000, opna bakeriet på Sæbø dørene for julesesongen 2016.
Som vanleg finn vi dei etter kvart velkjende brøda i hyllene i tillegg til skulebollane, timpene, wienerbrøda, bollane, rundstykka og alt det andre. Sidan det no er adventstid er sjølvsagt også julebrøda og julekakene på plass. Julekaker som er laga for dei med cøliaki er der også.
I kafeen er der også kaffi å få kjøpt.
Opningstider:
Kvardagar: 10.00 - 16.30
Laurdag: 10.00 - 1430
Bakeriet har tlf.nr. 957 08 731
700 40 050
Alle kundar er hjarteleg velkomne.
Kommentarar