Den tradisjonelle festen 3.juledag samlar mykje folk, og tilreisande benytter høve å få treffe kjentfolk frå bygda som dei gjerne ikkje ser så ofte.

Eit høgdepunkt i programmet er utdelinga av "Årets Bondaling".

Det er BFUL som deler ut prisen, og her er det også vorte tradisjon etterkvart, at det er Åse-Lill Leknes Kvistad og Janne Aamaas Solhaug, som står for utdelinga for ungdomslaget.

I år hadde det vore svært vanskeleg å bestemme kven som skulle få prisen, fordi det var så mange kandidatar. Etter at folk som har tilknytning til bygda har stemt, er det styret i ungdomslaget som har siste ordet.

Prisen som er ein diplom som er måla av Sverre Magnus Myrtveit, og ei lyslykt som har fått eit motiv av Bondalen sett frå Stokkehornet. I tillegg er lykta dekorert med teksta " Årets Bondaling. Det er Nordvest Profil som har laga til lykta.

I begrunnelsen som styret i Bondalen Frilynde ungdomslag har gitt, las nemnda sin representant opp:

Årets Bondaling er ein pådrivar for fleire sentrale prosjekt som har skjedd siste tida i bygda vår. Han har skapt engasjement og har sett fleire i sving for at prosjekta skal kome i hamn.

Ut frå desse prosjekta har det bidrege til at fleire meiner det er attraktivt å flytte til Sæbø og Bondalen. Denne personen har stått på og gjort ein kjempejobb for sentrale møteplassar på Sæbø, for personar i alle aldrar. Personen har dei siste sju åra vore igongsettar, koordinator og pådrivar for to viktige prosjekt som no er så godt som ferdigstilt. Han har tatt ansvar og gått fremst som formann for Grendalaget, og som primus motor både for Kapteinkvia og kunstgrasbana. "Årets Bondaling 2016" og nr 28 i rekka av enkelpersonar som får denne prisen, er Øyvind Taklo.

Årets Bondaling 2016 - Øyvind Taklo.

Øyvind taklo årets bondaling 2016 effekt
Øyvind Taklo(43) er ein stolt og verdig vinnar av tittelen "Årets Bondaling"