Skal du på førjulskonsert?

I Hjørundfjord kyrkje kan du velge og vrake i fleire veker framover

Laurdag 26. november: 4th step of Christmas kl. 18.00

Kr. 150,- pr. person. Barn under 12 år gratis. Billettar selgast ved døra


Hjørundfjord sokneråd inviterer til Julejazzkonsert i Hjørundfjord kyrkje.

Frå Oslo og Grimstad kjem gruppa 4th Step of Christmas for å spele svingande og stemningsfulle julelåtar for store og små. Kvar jul dei siste fem åra har dei spelt for fulle hus i Grimstad, men tek no turen til Sæbø og Hjørundfjorden. Repertoaret er variert, frå amerikanske låtar, norske julesongar og frå fleire europeisek land. Felles for dei alle er at dei er jazza opp med svingande rytmer i jazzdrakt. Passar bra for både store og små, unge og eldre!

Bandet:

Stig Mygland - Vokal

Andreas Rødland Haga - Kontrabass

Henrik Waarum - Gitar

Tor Grunde Simonsen - Saksofonar

Kom for ei annleis, svingande og koseleg juleførebuing i Hjørundfjord kyrkje når 4th step of Chrismas speler jula inn.

4th

Torsdag 8. desember kl. 19.00:

Julekonsert Trygve Skaug

Billettar: https://pay.ebillett.no/velg_antall.php?p_id=1256&arrnr=4956133

Laurdag 3. desember kl. 21.00: SKRUK

Skruk

Laurdag 17. desember kl. 16.00

Vi syng og spelar jula inn.

Jul

Søndag 18. desember kl. 17.15: Julekonsert med Ørstakoret

Dirigent og solist Ketil Grøtting. Organist John Inge Bjøringsøy.

Kjende norske julesongar og julesongar frå Danmark, Island, England, Tyskland, Frankrike. 

Billettsal i døra.

Ørstakoret