Tysserevyen har vakna til liv igjen ! Etter å ha lege i dvale i mange år, vart det etter kvart interesse for å prøve seg att. Og resultatet vart ei lita revyforestilling som har fått namnet «Fiin gamal fjording».

Som namnet tilseier, er det mest lokalt stoff, om livet ved fjorden.

Og ein vil kanskje merke at alder går som eit lite tema gjennom revyen. Vi har plukka litt i «arkivet» til Tysserevyen, men og lagt til ein del nytt stoff.

På grunn av begrensa plass, bed vi dei som ynskjer å sjå revyen, om å melde seg på til den av dei to framsyningane som passer best. Dette er då ikkje ei bindande påmelding, ein har sjølsagt høve til å melde seg av om det skulle kome noko i vegen.

Påmelding (sms eller ring)

Siri: 95739661 eller Johnny: 95249097

Billett kr 250,-

Billettsalg ved inngangen (vi har ikkje kortterminal)

Hjarteleg velkomne !

Tysserevyen

(Overskotet går til Viddal grendahus)