OKTOBERPROGRAMMET ved Hjørundfjord Filmteater! 
Vår lokale filmklubb skal vere for ALLE, og programmet vårt speglar nettopp det. Denne månaden syner vi tre filmar: ungdomsfilm, barnefilm og senior/dagfilm.

Fredag 21.10. kl 19.30 har den yngre garde valt seg ut “Fast & furious” - den fjerde filmen i denne filmserien. Her får vi verkeleg prøvd ut lydanlegget vårt på ein film med full trøkk. Aldersgrense 15 år. 

FF

Copyright: Universal Sony Picture Home Entertainment Nordic AB


Søndag 23.10. kl 14.30 er det tid for matinéframsyning av “Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant”, ei festleg svensk komedie basert på romanen med same namn. Framsyninga er opa for alle, i tillegg til at bebuarar frå Hjørundfjordheimen vert særskilt inviterte. Vi får verkeleg håpe at Heimen har gjort dei naudsynte førebuingane så ikkje folk vert overmåte inspirert av handlinga i filmen, der hovudpersonen Allan på 100 år stikk av frå gamleheimen og legg ut på eventyr. Aldersgrense 11 år. 

hu

Copyright: Walt Disney Studios Home Entertainment


Seinare same dag, kl 17.00, vert det barnefilm for dei minste, når vi viser “Karsten og Petra blir bestevenner”. Dette er ein norsk spelefilm som truleg passar for alle, både storesyster og veslebror, samt resten av familien. 

kp3

Copyright: SF Norge


23. oktober er også dagen for årets TV-aksjon. Vi vil difor ordne med bøsser slik at det vert mogleg å donere pengar til Røde Kors sitt viktige arbeid i krigsramma land. Så ta gjerne med ekstra pengar til dette!